Skål for naturen

Garden vår har røter langt tilbake i tid, og me har fleire gravhaugar frå bronsealderen for 3000 år sidan. Sol og regn saman med ei fruktbar jord gjer at frukta kan dyrkast økologisk med eit smil! Det vil seia utan bruk av syntetiske plantevernmiddel, ugrasmiddel eller kunstgjødsel. Bakkane langs fjorden er bratte og tunge, noko som gjer at kvart eple er plukka for hand. 

 

Om oss

Ideèn om Harding Sideri starta så smått på slutten av 90 talet då eg fekk læra familieoppskrifta på sider frå min bestefar. Etter den tid har prosessen blitt perfeksjonert og tilpassa produksjon av moderne økologisk drikke. Kvart år skapar me magi og lagar nye smakar. Følg eventyret vårt på sosiale media og hald deg oppdatert på nye.